Eg har byrja å vurdere bloggane dykkar, og eg må seie det er ganske interessant. Spennande for meg å sjå gjennom tekstar som er litt utanom det me lærarar pleier å rette. Det varierer kor mykje arbeid de har lagt i dette, men alt i alt ser det ut som karaktersnittet blir litt høgare enn på skrivedagen om samisk språk og kultur.
Som de veit, har eg 50 bloggar å sjå gjennom, så ver tålmodige med meg :)
Oppgåve me skal arbeide med i timane:
Heilt helt?
Skriv eit blogginnlegg der du prøver å definere kva ein helt er, reflekterer litt rundt kva du meiner er heltemodig, kven samfunnet ser på som heltar i dag eller gjennom historia og fortel litt om kven du ser på som ein helt.
Du kan til dømes bruke dette som disposisjon:
Passande overskrift
Definisjon
Intervju
Heltemodig?
Heltar i samfunnet i dag/eller gjennom historia
Min helt
Konklusjon
19.11 skal de ha tentamen i norsk hovudmål. Tentamenen er tilsvarande eksamen i 10., så dette blir den fyrste skikkelige "manndomsprøven/kvinndomsprøven" dykkar. Det er spennande og lærerikt å sjå kva som ventar dykk. På eksamen er det vanligvis slik at elevane har ein heil dag til førebuing dagen før, og har då ein del tekstar han/ho skal lese. I staden for å få dette lesestoffet dagen før, skal me lese gjennom det saman i norsktimane. Eg legg også ut lenka her, i tilfelle de vil førebu dykk allereid no.
Førebuingshefte til tentamen
Viss de må oppgje passord, er det: EksempelH13
Bilde: Øystein Runde, for Utdanningsdirektoratet, 2013