mandag 9. november 2015

Tentamen neste! Men fyrst litt førebuing :)

Eg har byrja å vurdere bloggane dykkar, og eg må seie det er ganske interessant. Spennande for meg å sjå gjennom tekstar som er litt utanom det me lærarar pleier å rette. Det varierer kor mykje arbeid de har lagt i dette, men alt i alt ser det ut som karaktersnittet blir litt høgare enn på skrivedagen om samisk språk og kultur.

Som de veit, har eg 50 bloggar å sjå gjennom, så ver tålmodige med meg :)

Oppgåve me skal arbeide med i timane:

Heilt helt?
Skriv eit blogginnlegg der du prøver å definere kva ein helt er, reflekterer litt  rundt kva du meiner er heltemodig, kven samfunnet ser på som heltar i dag eller gjennom historia og fortel litt om kven du ser på som ein helt.

Du kan til dømes bruke dette som disposisjon:
Passande overskrift
Definisjon
Intervju
Heltemodig?
Heltar i samfunnet i dag/eller gjennom historia
Min helt
Konklusjon

19.11 skal de ha tentamen i norsk hovudmål. Tentamenen er tilsvarande eksamen i 10., så dette blir den fyrste skikkelige "manndomsprøven/kvinndomsprøven" dykkar. Det er spennande og lærerikt å sjå kva som ventar dykk. På eksamen er det vanligvis slik at elevane har ein heil dag til førebuing dagen før, og har då ein del tekstar han/ho skal lese. I staden for å få dette lesestoffet dagen før, skal me lese gjennom det saman i norsktimane. Eg legg også ut lenka her, i tilfelle de vil førebu dykk allereid no.


Førebuingshefte til tentamen

Viss de må oppgje passord, er det: EksempelH13








Bilde: Øystein Runde, for Utdanningsdirektoratet, 2013

tirsdag 27. oktober 2015

Rus og psykisk helse

Dei neste vekene skal me ha eit prosjekt som handlar om "Rus og psykisk helse". Det er tverrfagleg, så de kjem til å ha om dette både i samfunnsfag, naturfag og KRLE. I norsk vil de få tid til å arbeide med informasjonen de får i dei andre faga, og skrive dette i innlegg på bloggen dykkar. Nokon av innlegga kjem til å vere faktatekstar, andre refleksjonstekstar. Nokre innlegg blir lange, andre kortare.

I innlegga bør de ha fokus på å skrive presist, bruke riktig teiknsetting og har god rettskriving. Lær dykk å bruke bokmålsordboka/nynorskordboka. Det er også viktig at de har med kjelder. De kjem til å få karakter på dette prosjektet, basert på innlegga de har skrive.

Innlegga skal vere på hovudmålet dykkar.

Desse innlegga tel:

Innlegget om alkohol
Innlegget om klassemiljø
Innlegget om ungdomskultur
Innlegget om "ungdom og mote" eller "ungdom og kropp" (lekse veke 45)
Innlegget om haldningar til røyk: "Tidlegare var det tøft å røyke. Det er det ikkje lenger. Nemn årsaker til at samfunnet har endra haldning til røyking"



















Bildekjelde: Smoke Plume av William Warby (https://www.flickr.com/photos/wwarby/11774518245/in/photostream/)

fredag 16. oktober 2015

OD-dagen nærmar seg

De skal skrive eit innlegg på bloggen dykkar om kva Operasjon Dagsverk er. Kva skal pengane som blir samla inn på OD-dagen gå til dette året? De kan lese i heftet de har fått delt ut, og gå inn på od.no. Til slutt skal du skrive kva du har tenkt å gjere på OD-dagen for å samle inn pengar. Gler meg til å lese :)

tirsdag 13. oktober 2015

9 CD

Dei fleste elevane i klasse 9 CD har nå oppretta eigen blogg. Her skal dei publisere små og store tekstar, med og utan bilete. Alle elevane (og eg) skal ha tilgang til kvarandre sine bloggar, så det er mogleg å få tips, kommentere og følgje med på kvarandre.

Av og til vil dei få beskjed om å skrive leksa på bloggen, og alt i alt vil bloggen telje med i heilskapsvurderinga i norsk.