Dei neste vekene skal me ha eit prosjekt som handlar om "Rus og psykisk helse". Det er tverrfagleg, så de kjem til å ha om dette både i samfunnsfag, naturfag og KRLE. I norsk vil de få tid til å arbeide med informasjonen de får i dei andre faga, og skrive dette i innlegg på bloggen dykkar. Nokon av innlegga kjem til å vere faktatekstar, andre refleksjonstekstar. Nokre innlegg blir lange, andre kortare.
I innlegga bør de ha fokus på å skrive presist, bruke riktig teiknsetting og har god rettskriving. Lær dykk å bruke bokmålsordboka/nynorskordboka. Det er også viktig at de har med kjelder. De kjem til å få karakter på dette prosjektet, basert på innlegga de har skrive.
Innlegga skal vere på hovudmålet dykkar.
Desse innlegga tel:
Innlegget om alkohol
Innlegget om klassemiljø
Innlegget om ungdomskultur
Innlegget om "ungdom og mote" eller "ungdom og kropp" (lekse veke 45)
Innlegget om haldningar til røyk: "Tidlegare var det tøft å røyke. Det er det ikkje lenger. Nemn årsaker til at samfunnet har endra haldning til røyking"
Bildekjelde: Smoke Plume av William Warby (https://www.flickr.com/photos/wwarby/11774518245/in/photostream/)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar